Litt historie
Reiser me litt tilbake i tid, og held oss på landsbygda var det vanleg med husdyrhald om ikkje anna enn til eige bruk. Det er sauen som er rekna som det fyrste dyret. På Voss blir det sakt at det har vore sau lika lenge som det har vore vossingar. Ein skulle nytta alt på sauen, og dermed også hovudet. Smalahove vart rekna som kvardagskost og ikkje fattigmannskost som mange seier. Ein brukte gjerna surmelk eller saft/vatn inntil. Vart smalahove nytta til festmat kom heimabrygget på bordet. Ei anna sak som var viktig var at smalahove som gjerna vart tillaga i midten av oktober, skulle vera oppete innan "Skolta-sundag". Dette er siste sundagen før Jul. Smalahove er ikkje eit særnorsk fenomen, heller ikkje eit fenomen som ein berre finn på Voss. Ein kan få servert smalahove i mange variantar rundt om i verda(kanskje ikkje røykt). Når det gjeld Voss og Vossingane sin spesielle posisjon ang. smalahove, har det noko å gjera med kven som "ropar høgast".

Tradisjonen
Frå gamalt av var tradisjonen å slakta og laga til smalahove heima på garden. Smalahove vil som regel sei hove av lam. Eldhuset vart som regel brukt til å svi smalahova, men ein kunne også laga bål ute og svi hove der. Ein brukte å stikka ein pinne inn gjennom nasebora på smalahove. Veden ein brukte til sviinge skulle vera av lauvtre (or/bjørk). Tidlegare var det vanleg å ikkje skjera av øyra for at ein kunne sjå kven som hadde eigd lammet. Av fleire og viktigare grunnar er vanen i dag å skjera av øyrene før sviing. Etter sviinge vart hove kløyvd i to (hengjande saman) og renska for uynskt innmat. Smalahove skulle so leggjast i vaten til neste dag for so å saltast i 2-3 dagar. Deretter var de vanleg å røykja smalahove. Det er derimot ikkje alle som er vane med det. Salting og røykjing var viktig for at smalahove skulle halda seg i nokre månadar frammøve. Ein hadde ikkje frysemoglegheiter den gongen. Ein måtte likavel passa på å oppbevara kjøtet kjøligt.

Masseproduksjon !
Sjølv om mange fortsatt gjer det på gamlemåten og synest det er den einast måten å gjera dette på er det dei store produsentane som rår marknaden.

Ideen og grunntanken bak produksjonen er den samme, men krav til effektivitet og lønnsomhet har gjort at produsjon av smalahove i dag vert gjordt maskinellt i store anlegg.



Eit eksempel på at kvaliteten er på topp sjølv om ein produserer automatisert, maskinelt og i store mengder er hjå smalahoveprodusent Ivar L. Løne på Voss. Ivar L. Løne har også bidrege med informasjon til SMALAHOVE PORTALEN.