Røykt / ikkje røykt ?
Ein av våre mange lesarar har spør om smalahove må vera røykt. Dei må vel vera glimrande urøykt også?...meinar han.
Svar: Det skal væra røykt, er det enkle og greie svaret på dette spørsmålet. Dette heng vel saman med at før i tida var salting og røykig ein veldig viktig ting med tanke på oppbevaring av hovene.

Spelsau / Dalasau ?
Er det forskjell på kvalitet og smak på Dalasau og Spelsau ?
> Nei, generellt vil me sei at kvaliteten er den samme. Forskjellen kan vera form og størrelse. Ein del mindre mat på smalahove frå spelsau.

Smalahovediplom
Er det mulig å få tak i en smalahove diplom ? Tenker på den som Tarald tegnet for noen år tilbake. Den hvor en kar sitter i svir hove i peisen? > Jadå.. Kontakt Smalahovetunet på Voss britlone@frisurf.no eller ring 56 51 69 65. Dei sel denne diplomen.

Berre av lam ?
Er det fortsatt slik at smalahove berre er tillatt laga av lam, og ikkje av sau/ver ?
> Ja, styresmaktene innførte denne restriksjonen i 2002, og den gjeld fortsatt. Ei anna sak er at tradisjonellt er det lam som er best og mest brukt.